mandag 7. september 2015

"New Literacy studies" - ei vending frå individet til det sosiale


Tradisjonelt har "literacy" vore betrakta som eit mentalt fenomen som inneber ei oppfatning at evna til å lese og skrive er noko som er forankra i ein person, og ikkje i samfunnet; eit sett kognitive dugleikar som dreier seg om å avkode skrift og tyde den "rette" meininga, som er stort sett den same hos alle lesarar viss berre lesaren har nødvendig bakgrunnskunnskap. 

I 1980-åra stilte ei gruppe lærde spørjeteikn ved den tradisjonelle måten å forstå literacy. Dei stilte seg på ny spørsmålet: "What is literacy?". Med dette fylgde ei vending i kva som var oppfatta som literacy-en sin natur; frå den autonome modellen, der literacy vart betrakta som ein funksjonell dugleik som kunne bli øvd opp uavhengig av  ei sosial kontekst, til erkjenninga av literacy som ulike sosiale aktivitetar, den såkalla ideologiske modellen. Ulike tolkingar er integrert i ulike sosiale kontekstar. Det er denne nye retninga omgrepet "New" - som i "New Literacy Studies" (NLS) - refererer til. 

Ein teoretikar som høyre til retninga NLS er James Paul Gee. Han illustrerer korleis "meining" oppstår i ei sosial kontekst ved å vise til eit eksempel av den afro-amerikanske aktivisten og advokaten Patricia Williams (1991), kor ho i samband med ei rettssak om ureine kjøtprodukt ba juryen om å tilnærma seg saka ved å fyrst ta stilling til ordet "sausage" - og korleis det kan bli forstått på tre ulike måtar ved at me:

1. hever autoriteten til pølsemakerar og utan atterhald erkjenner at alt som kjem ut av ein pølsemaskin per definisjon er pølse
2. utvider definisjonen av pølse slik at den omfattar stor variasjon i samansetningar  
3. utfordrar vår eiga oppfatning av kva "sausage" er, og kva som legitimerer ordet si tyding

Vidare ber Williams juryen om å vere seg bevisst si eiga rolle i den forstand at dei gjennom si eiga omgrepsforståing - og herav vurdering av saka - faktisk medverkar i å skape ei tolking av røyndom. Såleis meiner Gee at meining altså er noko som oppstår i ei kontekst, i sosial interaksjon mellom menneske. 









































































































































fredag 28. august 2015

Litt om meg og kva som motiverte meg fram mot skrivande stund




Skolestart hausten 2014 innleia det åttande året mitt som norsk- og engelsklærar på Gand vidaregåande skule. Bak meg hadde eg fem år på Vg1 byggfag og Vg2 byggteknikk, samt tre år på design og håndverk, og frisør. Eg stortrivdes i jobben og har heile tida hatt eit stort fokus på klasseleiing og strategisk læring. Fagkompetansen min bygger fyrst og fremst på ei cand.mag.-grad med mellomfag i nordisk, mellomfag i engelsk, årskurs i religion og PPU ved UiS og tilleggsutdanningane «lær-å-lære» ved UiS og «klasseledelse med IKT i undervisningen» i regi av Rogaland Fylkeskommune. Eg opplevde kompetansen min som ei ganske trygg plattform å stå på i skjæringspunktet mellom elevar og fag.    

Grunnen til at eg då ynskte å starte ei fireårig deltidsutdanning i lesevitskap i tillegg til ei 100 % lærarstilling er at eg var motivert for å utvikla meg innan interesseområdet mitt, så vel som i jobben. Ifjor, og ennå idag, har eg lyst til å fordjupe meg i skjermlesing. Skjermlesing er eit høgst aktuelt emne som vedkjem grunnleggande tenkning rundt leseforståing og, med det, kjerna i mange av dei aktivitetane som eg som lærar leier i norsk- og engelskundervisninga. 

Kommunikasjon via internettet - og då særleg hypertekstprinsippet - har fascinert meg lenge. Likevel har eg lese lite litteratur om emnet, og då eg fyrst opna ei fagbok, skjøna eg i alle fall såpass at i og med WWW ligg det som for meg er ei teoretisk ny verd framfor meg. Derfor gler eg meg denne hausten til å delta i emnet Ny skriftkultur: Endring av lesepraksisar og læringsformer, for eg trur at det vil stå til forventningane mine og vel så det.   

Med denne studiebloggen er eg ei stemme i ei hypertekstuell verd som eg skal dele med medstudentane mine. Det gler eg meg til. Den einaste erfaringa eg har med blogging er den fiktive og anonyme ;) bloggen min, "Fortolkningen". På tross av at eg personleg hadde eit gyldig formål med bloggen, nådde den ikkje listetoppen på blogg.no. Når sant skal seies, så var det berre dottera mi som las den, trur eg. Og det blei med den eine gongen. For di eg her og no føler meg i slaget, legg eg like så godt ved ei side eg har i eit skriveforum, Redbubble, der eg har publisert nokre dikt. Sida er amerikansk, og derfor tykte eg at avstanden gjorde det nokså trygt å dele. Ingen av dei to sidene er aktivt i bruk. 

Eg er 42 år, sambuar, mor til ei jente på 20 år og ein gut på 19, og mormor ~ <3 ~

Vel, med dette har eg gjort meg litt til kjenne, og eg vonar og trur at delingskulturen gjennom blogginga til medstudentane mine og meg vil vere ein nyttig og kjekk aktivitet underveis i læringa. 

Til sist legg eg til at bokmålet er skriftmålet eg bruker til dagleg, så praktiseringa her av nynorsk kjem godt med, den og.

Heidi